Avisa Hordaland, 23.11.04 (klikk for å sjå heile artikkelen)

Bye, bye, Mike!

 Øyvind Lyslo og Mike Gallaher

HØGDEPUNKT: Det er ikkje ofte du ser Mike Gallaher setja seg ned med ein kassegitar. Men saman med klassiske Øyvind Lyslo (t.v.) fann han øyeblikkeleg tonen.

 

(...) Og kanskje det aller største var då klassisk gitarist Øyvind Lyslo og Mike slo sine krefter saman. Begge på akustisk gitar, og begge så usannsynleg dyktige. Dei skifta om komp og kor, engasjerte og heile tida ivrig lyttande til den andre sine krumspring på gripebrett og i høgrehand. Hadde det ikkje vore for at Mike på det tidspunktet alt hadde fått «utlevert» sitt amerikanske pass frå politibetjent og medmusikant Kjell Fester, hadde det vore freistande å kverrsetja passet for å sikra seg fleire duo-konsertar med Lyslo/Gallaher. (...)

NILS KVAMSDAL | tekst og foto