Kunstnarleg verksemd i 2009
· Arrangering for Festspela i Bergen (Premiere på ”Elephant Stories”)
· Utgjeving av ny gitarmusikk på Chanterelle forlag i Tyskland
· Filminnspeling med Den Norske Gitartrio
· Transkribering av Piazzolla for ny CD med Roar Engelberg/Stein-Erik Olsen (kjem ut i november)
· Kyrkjekonsert med Linda Øvrebø, song ("...ein himmelsk opptur...) (Fjordingen)
· Konsert på Det Norske Teatret i Oslo saman med Margot Sande, diktlesing
Øyvind Lyslo kjem frå Sandane i Nordfjord. Han har musikkutdanning frå Griegakademiet, Norges Musikkhøgskule i Oslo og Musikkhøgskulen i Frankfurt. I tillegg til ei rekkje konsertar og turnear her i landet for m.a. Rikskonsertane, har han gjeve solo- og kammerkonsertar i Tyskland, England, Venezuela, Sverige, Island, Polen, Nederland, Skottland og Øst-Timor, og han har fått ei rekkje glimrande kritikkar for sitt gitarspel.
CD’en "Syngande strenger" med Arne M. Sølvberg (hardingfele/fele) vart nominert til Spelemannsprisen i 1991. Sølvberg/Lyslo har også hatt konsertar fleire gonger på Førde Internasjonale Folkemusikkfestival.
Øyvind har også medverka som musikar, arrangør og komponist i større eller mindre grad på omlag 15 CD-produksjonar sidan 1990, i eit musikalsk spenn frå folkemusikk til klassisk, latinamerikansk, samtidsmusikk og viser. På CD’en "Tonar frå mitt ringe strengespel" med musikk av hardangerkunstnaren Dagfinn Instanes, arrangerte han samtlege spor i tillegg til at han også medverka som musikar. Han har også komponert og spelt inn musikk for NRK radio og TV. I tillegg til å vere musikar, komponerte og arrangerte han også musikk saman med Einar Mjølsnes for Sogn og Fjordane Teater til forestillinga "100 år og like stri" med premiere på Førde Internasjonale Folkemusikkfestival i juli 2005. I 2007 medverka han som musikar og komponist på "Hundreds of memories", eit fransk-norsk multimedieprosjekt med moderne dans, video, animasjon og musikk.
Øyvind Lyslo samarbeider jamleg med eit breidt spekter av utøvarar innan ulike genrar, som Linda Øvrebø (song), Reidun Horvei (song), Arne M. Sølvberg (hardingfele/fele), Den Norske Gitartrio (Njål Vindenes, Egil Haugland og Øyvind Lyslo), Bjarte Sætre (glasmusikk), Margot Sande (diktlesing) og Folkemusikarane i Sogn og Fjordane. Øyvind har også hatt samarbeid med gitaristane Alfonso Montes, Irina Kircher, komponisten Per Indrehus, Laila Kolve (blokkfløyte), Einar Mjølsnes og Håkon Høgemo (hardingfele), Kjersti Wiik og Grethe Svensen (song) i tillegg til den amerikanske gitaristen Mike Gallaher.
Øyvind Lyslo har brei pedagogisk og administrativ erfaring, m.a. lang erfaring som produsent for Rikskonsertane og Sogn og Fjordane fylkeskommune der han framleis er tilsett, i tillegg til over 25 års erfaring som utøvande musikar og gitarpedagog i fleire musikkskular, høgskular og vidaregåande skular. Han har også arbeidd som distrikts- og regionsmusikar og har hatt fleire eigne kurs og seminar i inn- og utland. Han er også aktiv som komponist og arrangør, og hadde m.a. ei urframføring for brassband i 2005, og har i tillegg komponert musikk for både radio og TV. I 2007 og 2009 var han representert som komponist med fleire gitarkomposisjonar i Duo Montes-Kircher si repertoarbok, utgjeve på Chanterelle forlag i Tyskland. I 2009 arrangerte han musikk til urframføringa av "Elephant Stories" ved Festspillene i Bergen. Han har også vore nytta som musikkskribent i både norsk og engelsk fagpresse, t.d. Classical Guitar.

|
|
"A player of great sensitivity with a superb tone" (Helen Lohmuller, Classical Guitar)
"A classical guitarist of the highest calibre" (Paul Fowles, Classical Guitar)
|
|
"...ein fryd for øyra." (Spelemannsbladet)
"...eit særdeles spennande, smakfullt, godt og rytmisk akkompagnement" (Spelemannsbladet)
|
|
"Det er vanskeleg å finne passande superlativ til konserten, difor samlar vi det i eit ord, nemleg strålande" (Firda)
|
|
"Linda Øvrebø med si vakre operastemme og Øyvind Lyslo sitt framifrå gnistrande gitarspel på klassisk gitar gjorde langfredag til ein himmelsk opptur...." (Fjordingen, 20. april 2009)
|
Folkemusikarane i Sogn og Fjordane |

Utdanning
· Universitetet i Bergen, Motivasjonspsykologi (2009)
· Universitetet i Bergen, Personalpsykologi (2008)
· Universitetet i Bergen, Arbeids- og Organisasjonspsykologi (2008)
· Høgskulen i Sogn og Fjordane, "Ta pulsen på språket" (2007)
· Hochschule für Musik und Darstellende Kunst, Frankfurt am Main, DAAD-stipendiat (1986-1988)
· Norges Musikkhøgskule, diplomstudiet CAND.MUSICAE - Master of music (1984-1986)
· Griegakademiet, solistisk vidareutdanning CAND. MAG. - Bachelor of music (1982-1984)
· Griegakademiet, instrumentalpedagogisk grunnutdanning (1979-1982)
· Universitetet i Bergen, Examen Philosophicum (1981)

Yrkespraksis
· Fylkesmusikkleiar og fylkesprodusent, Sogn og Fjordane fylkeskommune / Rikskonsertane (1992- )
· Gitarlærar, Naustdal kulturskule (1996-)
· Gitarlærar, Førde kulturskule (1997-2001)
· Gitarlærar, Hafstad vidaregåande skule, Førde (1994-1996)
· Lærar, Høgskuleutdanninga på Sandane (1989-1992)
· Distriktsmusikar, Gloppen kommune (1988-1992)
· Regionsmusikar, Kvam kommune (1983-1985)
· Gitarlærar, Åsane Folkehøgskule, gitarlærar (1981-1983)

Utøvande verksemd

CD-utgjevingar
· "I gamle spor" Ramstadlaget (2008)
· "Tonar frå mitt ringe strengespel" Dagfinn Instanes (2002)
· "Mjukt skjer åra" Kåre Håland/Aslaug Låstad Lygre (2001)
· "Ro, ro til Siraland" Kjersti Wiik (1999)
· "Slørblå junikveld" Per H. Indrehus (1998)
· "Strilesølv" Kjersti Wiik (1997)
· "Sognedølen" Ramstadlaget (1995)
· "Om desse steinane tala..." Glenn E. Haugland (1994)
· "Gloppen Jentekor" (1991)
· "Syngande Strenger" Arne M. Sølvberg / Øyvind Lyslo (1990) (Spelemannsprisnominert)
· * FOLKS OF NORWAY - artists of traditional and contemporary folk music (folkogdans.no / vol. 3)
· "Concertino" Alfonso Montes (2003)
· "Tre dagar til ende" Bryllupsmusikk frå heile landet (Heilo 2001)
· "Gloppen 2000" (2000)
· "Her langs fjorden" Ottar Wiik (1996)
· "Norske bilder" (Offisiell 4 CD-boks til OL'94)

Arrangør- og komponistverksemd
· Transkripsjonar av Piazzolla til ny CD med for Roar Engelberg og Stein-Erik Olsen (november 2009)
· Arrangement til "Elephant Stories", Festspillene i Bergen (2009)
· Komposisjonar til "The repertoire book II" for to gitarar av Alfonso Montes / Irina Kircher (2009)
· Komposisjonar til "The repertoire book" for klassisk gitar av Alfonso Montes / Irina Kircher (2007)
· Komponerte musikken til multimedieframsyninga "Hundreds of memories" i samarbeid med Pøst Cie, Frankrike (2007)
· Urframføring av bestillingsverket "Imbrassible" for Jølster Musikklag (2005)
· Komposisjonar til "Rast ved rinnende vann", med Margot Sande (diktlesing) og Øyvind Lyslo (gitar) (2005)
· Arrangement og komposisjonar til "100 år og like stri" - Sogn og Fjordane Teater / Førde Internasjonale folkemusikkfestival (2005)
· Arrangement til "Tonar frå mitt ringe strengespel" Dagfinn Instanes (CD 2002)
· Arrangement til "Mjukt skjer åra" Kåre Håland (CD 2001)
· Arrangement til "Fløyelstoner" Roar Engelberg / Stein-Erik Olsen (CD 2001)
· Komposisjon av musikken til BarneTV-serien "Erik og Arne" (NRK TV 2000)
· Korarrangement av musikk av Per Indrehus (Musikk-husets forlag 2000)
· Diverse komposisjonar, arrangement og transkripsjonar (m.a. av Ketil Bjørnstad, Øyvind Lyslo, Lars Søraas, Jan Eggum og Halvdan Sivertsen) for Blåmann Musikkforlag
· Arrangement til "Ro, ro til Siraland" Kjersti Wiik (CD 1999)
· Komposisjon av musikken til "Brehagen" - Ut i naturen (NRK TV 1999)
· Arrangement til "Slørblå junikveld" Per H. Indrehus (CD 1998)
· Arrangement til "Strilesølv" Kjersti Wiik (CD 1997)
· Komposisjon av vignett til "Språkteigen" (NRK P2 1997)
· Arrangement til "Mosaic" Roar Engelberg / Stein-Erik Olsen (CD 1994)
· Arrangement og komposisjon til "Syngande Strenger" Arne M. Sølvberg / Øyvind Lyslo (CD 1990)
· Komposisjon og arrangement til "Duo Antonio Lauro" Irina Kircher / Alfonso Montes (LP 1989)

Stipend
· Fond for utøvande kunstnarar (1986, 1990, 2003, 2004, 2005)
· TONO (1990, 2004, 2005, 2009)
· Statens kunstnarstipend (1993, 2002)
· Tysk statsstipend, DAAD (1986-88)
· Statens kunstfagstipend (1984-1986)
· Ole Bulls Fond (1984)

Juli 2009