|
"...eit kremlag av musikarar" (Spelemannsbladet) "Framifrå kvalitet" (Hardanger Folkeblad) | |
| DAGFINN INSTANES | |
| TONAR FRÅ MITT RINGE STRENGESPEL | |
| Songs from my meagre strings | |
|
|
Dagfinn Instanes (1919-1998) var ein allsidig og kreativ kunstnar frå Grimo i Hardanger. Han er fyrst og fremst kjend for sin omfattande produksjon av kunstverk i keramikk, vevnad og tre, men gav også ut bøker med eigne tekstar og illustrasjonar. Kunstverka hans utsmykkar m.a. ei rekkje kyrkjer, offentlege bygg og institusjonar både i Hardanger og i Hordaland. Dagfinn Instanes hadde ei stor interesse for musikk, og han komponerte ein god del melodiar sjølv, mykje av dette i folkemusikalsk stil. Mange av stykka hadde han også illustrert, og dette materialet ynskte han å gje ut i ei songbok. I høve ein minnekonsert for Dagfinn Instanes på Hardanger Folkemuseum hausten 2001, vart ein del av desse melodiane framført av Reidun Horvei, song, Øyvind Lyslo, gitar/arrangement og Laila Kolve, blokkfløyter. Musikken vart svært godt motteken, og Reidun Horvei gjekk i gong å med finansiere innspeling av ein CD med musikken til Dagfinn. Interessa for dette prosjektet var stor, og over 300 førehandsbestillingar kom inn. Albumet kom ut 24. november 2002, og denne dagen vart også alle melodiane presentert på Hardanger folkemuseum, Utne. |
|
Kvednalåt The Millwheel (2.47) 2. Springaren Springaren, dance tune Tekst: D. Instanes (1.42) 3. Tonegåte Mistery of Music Tekst: D. Instanes (2.44) 4. Fjordingen Fjordingen, dance tune (3.08) 5. Vøttranotte Winter Night Tekst: D. Instanes/Melodi: Trad.etter D. Instanes (3.11) 6. Danse Makabre Dance Macabre Tekst: D. Instanes (3.37) 7. Friarvals Suitor s Waltz (2.42) 8. No reiser kvelden seg i vesterbrun The Dusk Takes to His Feet Tekst: O. Nygard (3.41) 9. Rimfakse Rimfakse, waltz (2.02) 10. Heile verda drøymer All the World is Dreaming Tekst: D. Instanes (2.39) 11. Kåme no Come Now Tekst: D. Instanes (4.47) 12. Frostnatt Frosty Night Tekst: T. Brandstveit (2.23) 13. Fjelltita Mountain Lament Tekst: T. Brandstveit (2.53) 14. Pottemakarmasurka Potter s Mazurka Trad. etter D. Instanes (1.31) 15. Kveldssong Evening Song Tekst: D. Instanes (3.57) Total speletid: 44.26 |
Musikken på "Tonar frå
mitt ringe strengespel" utgjer eit breidt og variert spekter av viser
og instrumentalstykke i ulike variantar. Dei fleste av
melodiane har likevel eit klart folkeleg og folkloristisk uttrykk.
Tekstane er det for det meste Dagfinn Instanes sjølv som har laga, med
nokre få unntak. I CD-heftet (36 sider) er også dei mange flotte
illustrasjonane til Instanes tekne med, illustrasjonar som han laga til
songboka som han diverre aldri fekk ferdig.
Dei medverkande musikarane har gjeve denne produksjonen solide bein å stå på. Jo-Asgeir Lie på trekkspel er spelemannsprisvinnar frå gruppa KVARTS, Ole Hamre er ein av dei fremste perkusjonistane i landet. Laila Kolve boltrar seg på ulike blokkfløyter, og Olav Tveitane kjenner mange som ein solid bassist i mange samanhengar. Øyvind Lyslo er på denne innspelinga med på samtlege spor både som utøvar og med ansvar for arrangementa. Dette er den 10. CD-plata hans sidan spelemannsprisnominerte "Syngande strenger" (1990), men den fyrste der han både spelar gitar i tillegg til å ha ansvar for alle arrangementa. Fleire opplysningar om Øyvind Lyslo finn ein her. Songar og produsent er Reidun Horvei, som også har administrert dette CD-prosjektet frå start til mål. Reidun kjende Dagfinn Instanes godt, og denne kontakten var til gjensidig inspirasjon. Meir stoff om Reidun Horvei kan ein finne her. |
|
Melodiar av Dagfinn Instanes Arrangement av Øyvind Lyslo Produsent: Reidun Horvei Utgjevar: Hardanger folkemusikksamling HFS CD2 Distribusjon: Hardanger Folkemuseum, N-5778
Utne |
Reidun Horvei og Øyvind Lyslo, to
av aktørane på CD-plata "Tonar frå mitt ringe strengespel" med musikk av
kunstnaren Dagfinn Instanes
(Foto: Oda Marie H. Lyslo) |
SPELEMANNSBLADET 6/2003 (KRITIKK)
![]() |
Dagfinn Instanes, Øyvind Lyslo, Reidun Horvei m.fl.
|
|
HFS CD2 - Hardanger folkemusikksamling |
|
Dagfinn Instanes må ha vore ein svært spennande person. Komen frå Hardanger, fødd 1919, død 1998. Han var utdanna biletkunstnar med vekt på keramikk. Fyrste gong denne meldaren stifta kjennskap med Instanes sin keramikk, var på ei sumarutstilling ein stad i Telemark på 60-talet ein gong. Keramikken hadde nye og spennande former, og var meir skulpturell enn det vi var vane til at keramikk skullle vera. I tillegg gav han sine kunstnarlege uttrykk i bilete og teppe. Og altså tekstar og melodiar. Det er desse songane Reidun Horvei let oss bli kjende med på CD-en "Tonar frå mitt ringe strengespel".
Horvei har hyra med seg eit kremlag av musikarar og teknikarar. Vi nemner i fleng: Øyvind Lyslo, gitar, Laila Kolve, fløyter, Jo-Asgeir Lie, trekkspel, Olav Tveitane, kontrabass og Ole Hamre, perkusjon. I tillegg kan nemnast Pytten og Davide Bertolini som lydmakarar.
Når det så kjem til CD-en og det den omsluttar: Eg tvilar på at ein norsk folkemusikar ville ha påstått at denne musikken er folkemusikk - folkeleg, javel, hentande sine musikalske motiv frå folkemusikken er det nok, men la oss kalle dette for ei viseplate.
Som slik er det mange iøyrefallane tonar, der to er i ein folkeleg tradisjon etter Instanes. Han har også sjølv skrive teksten til sju av melodiane.
CD-en er vakker og god med veldig gode musikarar og songarar. Den musikaren som kanskje gjer at dette kan refererast til som folkemusikk, må fyrst og fremst vera Kolve på sine fløyter. Ho har ein vakker tone i blokkfløytene sine, og ho improviserer tilsynelatande med folketradisjonen i øyret.
Dei andre musikarane held noko meir "internasjonal" stil over si musisering. Det er grunn til å framheva Lyslo som er ein svært habil gitarist. Og alle musikarane får svært bra oppfylgjing i lydmix og klang. Sett på som viseplate ber denne preg av mjuke, varlege tonar, rolege tempi. Det er mange av kutta som får ein til å tenkje på voggesongen slik vi vil finne denne presentert på mange CD-ar, t.d. på "Inn i draumen" med Sondre Bratland.
Men her finn vi og ein vals og ein masurka, og i tillegg ein del kutt som tenderer mot dansen. Det er likevel ikkje mange, og songane kjem smygande "mjukt og vart" som Jakob Sande seier i "Fløytelåt".
Det er ikkje så lett å veta kvar i det musikalske landskapet ein skal seia at dette utvalet er å plassere, men som sagt, folkemusikk i ordet sin eigentlege forstand er det nok ikkje. Men det er ikkje vanskeleg å telja folk til å høyre på denne CD-en. Og ein skulle tru at Instanes si meining med musikk og songar er godt teke vare på.
CD-omslaget er forseggjort og vakkert. Ikkje minst på grunn av Instanes sine bilete framføre dei einskilde songane.
Jens Beyer Graasvoll